SÅ VAR BJØNN REIST

Posta: mars 30, 2011 under Bilete

I dag er de bekrefta att bjønn har drege til Skjåk. Meldingen seier han er sør for Skjåk i retning Skjåk sentrum, oppe på eit fjell. Eg er ikkje kjent der men ut frå kart vil eg tru han er på Styggehøi. Men dette er rein gjetting.

Var litt feilinformasjon i går. Bjønn har ikkje gått mot Styggevatnet. Han har komme opp på parkeringsplassen på Viva derifrå har han gått rett forbi Steinbui som står der og rett opp mot Sprongdalen/ Sprongdalseggi.

Eg har sjølv gått bakspora etter bjønn i dag. Starta ved hjortekadaveret og gjekk opp og ned i skogen. Hadde eit lite håp om kanskje å finne hiet. Sjølvsagt fann eg de ikkje. Etter å ha følgt sporet i fire timar møste eg de omtrent 650 moh ikkje langt frå stien som går opp til Haugafjellsstølen. Bjønn hadde der komme ned og kryssa ei skrea som eg ikkje ville krysse. Såg spora eit lite stykke på andre sida av skrea men veit ikkje kor de kjem frå. Men eg er sikker på att om ein føl spora vidare, om ein finn dei att, vil ein finne hiet i enden!

Så no var de slutt på denne moroa! No er de Skjåkingane som lyt komme seg ut og sjå etter bjønn.

Her er eit bilete som syner utsikten bjønn hadde når han kom ned mot Jostedal. I alle fall utsikten eg hadde i dag.

kommentarar
  1. Arild Henjum seier:

    Fint å få litt baksporsinformasjon om bjødden i Jostedalen.
    Her eg site i eit 25 etasjars hotel i Shanghai, er det ingen bjørnar….berre 22 millionar kinesarar og nokre utlendingar ……og snøen er smelta for to månader sidan

  2. alb seier:

    Golf sa i avisa i dag at bjørnen gjekk over grensa inn mot Mysubuttdalen og Sotaseter.
    SNO i Skjåk har ikkje sett spor etter bjørnen, sjølv om dei har vore i dette området fleire dagar og spora jerv.
    Dei har no ingen formeining om kvar den har teke vegen, men den dukkar nok opp att ein stad.
    «Den som lever får sjå» heiter det vist.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s