Mykje vatn i Jostedøla i kveld. Vegen var delvis stengt på Alsmo ei stund. Her er nokre bilete frå i kveld.
Arkiv for kategorien ‘Bilete’
Her er eit par bilete frå Nigardsbreen i dag. Legg merke til skredene på høgre side av eine bilete,
Når de gjeld bilete som er mest blått på så er de av breporten. Her var de skispor som gjekk inn i porten. Den som går inn der med dei isblokkene som heng der er ikkje rett navla spør de meg! Detta er direkte livsfarleg. Folk bør tenkja seg godt om når dei bevegar seg i området framfor Nigardsbreen. Er de i tvil om de er trygt så hald dykk på avstand.
I dag er de bekrefta att bjønn har drege til Skjåk. Meldingen seier han er sør for Skjåk i retning Skjåk sentrum, oppe på eit fjell. Eg er ikkje kjent der men ut frå kart vil eg tru han er på Styggehøi. Men dette er rein gjetting.
No ser de ut som om bjønn har drege austover. Spora vart funne att ved Båtedøla i dag. Derifrå gjekk spora framover mot Skuggesida før dei kom rett ned mot elva. Dyret kryssa elva rett under heimste enden av (meir…)
Som sikkert mange har fått med seg så har de truleg overvintra ein bjønn her i dalen i vinter. Kor den har sove er de ingen som veit, men mange trur. Eg trur ikkje noko om den saken. Det einaste eg med 99,9 % sikkerheit (meir…)
Her er tre bilete frå løypekøyringa i dag. Dei to første bileta viser eine plassen der tråkkemaskina falt gjennom i dag. Heldigvis gjekk de fint å rygge tilbake. Så ingen skade skjedd.
Her er nokre fleire bilete frå skirennet i Sogndal fredag og laurdag.
Her er nokre bilete frå frikøyringskonkuransen i Sogndalsdalen fredag og laurdag.
I dag var me ein gjeng som var framme i Isgrotta. Fint der no. Men ein advarsel til folk som vil fram. Er langt frå trygt alle plassar. Så om ikkje folk veit litt om kva dei skal sjå etter så bør dei leige inn Fimbul Jostedal.
Var folk framme for nokre dagar sidan og da rasa de frå ei av grottene. I den grotta er de fleire ustabile blokker som kan falle ned når tid som helst. Dei som var der sto på trygg avstand så dei var ikkje i fare.
Har sjølv sett bilete frå vinteren i fjor der vaksne og ungar var inne i ei av isgrottene. Eg sjølv, og fleire med meg, var aldri inne i den isgrotta. Grunn var att me såg på de som reint galskap å gå inn der pga mange ustabile isblokker som kunne falle ned når tid som helst.
Er i dag observert spor etter bjønn som har kryssa Brevegen 600-700 meter framføre bommen. Spora er truleg frå i natt eller føremiddag i dag. Sporet kjem frå Mjølværsgrendi kryssa vegen og elva og går fram mot breen. Spora skal ha storleik 16 x 25 cm. Kor bjønn har tenkt seg er de ingen som veit. Men skulle folk finna spor så er rovviltkontakt i Luster kommune interessert i å få tips.
Her er tre bilete av dårleg kvalitet som er teke med mobiltelefon i kveldinga i dag.
Her er eit par bilete av ein førarlaus bil framfor Breheimsenteret i dag tidleg. Etter forholda står de bra til både med bil og førar. De skal seiast att føraren kom seg ut av bilen før ulykka. Føraren prøvde å stoppe bilen frå å trille utføre kanten med håndemakt. Som de ser gjekk de heller dårleg. Om håndemakta hadde vore brukt på håndbrekken så hadde vedkommande kanskje greidd å stoppa bilen før den for ut over kanten…..
Her er nokre bilete frå øvinga Bregruppa hadde med 33o skvadron Florø i dag.
Her er eit bilete eg har sett saman av eit bilete teke 15. august 07 og eit teke i dag. Bilete til høgre er frå i dag. Begge bileta er teke ganske nær maksimum vannstand. Så de ser var nok elva større i dag enn i 2007. Rekna med Even kan komme med nokre faktaopplysningar om vannmengda i dag i forhold til 15. august 2007.
Store elvar att i dag, her er nokre bilete eg tok i kveldinga. Elva steig truleg opp litt meir utover kvelden, men i halv ti tida var den byrja å gå tilbake.
Her er nokre bilete frå opp- og ned konkurransen i dag. Bileta visar vinnarane, trøytte skiløpara, søskenduell i målområdet, ein liten tjuvstart og litt anna.
Her ser de noko av de som de vil få sjå på Laurdagsrevyen i morgo. Alt gjekk bra med skilauparen.