ENDA MEIR OM BJØNN

Posta: mars 29, 2011 under Bilete

No ser de ut som om bjønn har drege austover. Spora vart funne att ved Båtedøla i dag. Derifrå gjekk spora framover mot Skuggesida før dei kom rett ned mot elva. Dyret kryssa elva rett under heimste enden av Storemyri før den gjekk opp i Breili. Spora kom så nedatt i området rundt Snerpemyri. Her hadde han gått ned og kryssa elva før så å gå framover mot Viva. Dei som såg spora ved Viva såg dei forsette framover mot Styggevatnet.

Så de er ikkje usannsynleg att bjønn no ligg og meska seg med elgkjøtt i Skjåk! Er vist ein del elg som står i området rundt Sota.

De neste som no er interessant å veta er kor den overvintra i vinter. Per i dag er de ingen meg bekjent som veit noko som helst om kor hiet er. Er kun rein gjetting.

Eg følte i dag spora til bjønn frå Båtedøla og heim til Bjønnstegane. Eit lite område i Kvilemarki laut eg gå av sporet då eg tykte de var for bratt og utsett til å gå der. Det som var med spora framover Kvilemarki var att bjønn her tydlegvis har hatt dårleg tid. Så de er ikkje usannsynleg att eg og eit par andre har skremt han framover kvilemarki i går på kveldinga. Så har bjønn fått ferten av ein skilaupar som var på veg heimover frå Øy. Rett framfor Sildaløken har bjønn teke av frå vegen og opp i skogen. Når skilauparen kom til Båtedøla hadde han heilt ferske spor 40-50 meter over vegen. Og som kjent hadde bjønn gått i skispora hans i område rundt Sildaløken når han kom heim der.

Direktoratet for eit eller anna i Trondheim har i dag sagt att dette er den første bjønn dei har fått registrert som er komme ut av hi i år.

Her er eit par bilete frå Båtedøla tekne i dag.

kommentarar
  1. Eldar Oddbjørn Eggen seier:

    Hei!
    Grunnen til at bjørnen gjekk ut av hiet så tidleg er kanskje det harde regnveret førre veke, det vert blautt i hiet…..
    Har ikkje høyrt noko om at han er kome over til Skjåk enda, men det er svært sannsynleg. Vegen er stutt over Handspiki.
    Mvh
    Eldar

  2. alb seier:

    Siste nytt om bjørnen.
    SNO har bekrefta at bjørnen har gått opp Sprongdalen og over i Oppland.

  3. Ove seier:

    Skjåk sentrum? Bismo? Høyrest rart ut.

    • fos seier:

      Mot Skjåk sentrum ja. Men på eit fjell på sørsida av sentrum. Så de Skjåkinga lyt følja med no. Spora er observert med helikopter i dag.

      • Eldar Oddbjørn Eggen seier:

        I haust var han berre 3-4 km frå Bismo, nærare bestemt heimast i Lundadalen…så ein veit aldri. Det er sannsynleg at han kjem Lundadalen, men kan godt slå over til Bøverdalen…ingen veit.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s