BJØNN HAR VAKNA

Posta: mars 29, 2011 under Bilete

Som sikkert mange har fått med seg så har de truleg overvintra ein bjønn her i dalen i vinter. Kor den har sove er de ingen som veit, men mange trur. Eg trur ikkje noko om den saken. Det einaste eg med 99,9 % sikkerheit kan seia om den saken er att den ikkje har overvintra i dei gamle hia framom Øy. Dette kan eg seia då eg var mykje i de området i tida bjønn skulle i hi og i tida etterpå.

I dag oppdaga Einar E spor etter bjønn mellom Byggefeltet og Breheimsenteret. Eg fekk telefon frå Einar E og tok turen opp til han for å sjå på spora. Her er nokre fakta ut frå de eg observerte med å vera ute og på sporet av bjønn i fem timar i dag. I dag er måndag 28 mars.

Mellom byggefeltet og Breheisenteret har bjønn teke livet av ein hjortebukk. Truleg er dette ein bukk på maks 4 år. Dette vil me få greie på seinare når tenna til hjorten er sjekka nærmare. Hjorten har sprunge i nedovernakke med bjønn i hælane i omlag 200 meter før bjønn har fått tak i den. Eine plassen har bjønn teke ein snarveg og hoppa utover ein hammar på minst tre meter. Ut frå kor djupt ned i snøen dyra har gått har detta skjedd før fredag ettermidag, vart kaldt og dermed skare utover fredag. Midnatt fredag var de -12 grader. Så veit me att de var mykje nedbør på måndag og onsdag. Måndag var de snø fram til i to tida i detta område. Onsdag var de regn heile dagen. Så eg trur hjorten er drepen mellom onsdag og fredag. Bjønn har så vore i området og ete på hjorten fram til i dag, natt til i dag. Men mest truleg i dag. Grunn til att eg meina dette er att ei tynntflytande møkarue som me fant ved hjorten ikkje hadde frose, var -3,9 grader i natt. Spora som gjekk frå hjortekadaveret og framover var uansett under eit døgn gammalt. Snøa til midt på dagen i går.

Bjønn har så gått nordover i retning Breheimsenteret. Har passert omlag 300 meter over Hellebø for så å gå framover Breadalen. Har ein plass gått 10 meter i Bjønnarennløypa og kryssa den fleire plassar. To ganger har bjønn vore nede i kanten på grandane for så å gå opp att i skogen. Til slutt har den kryssa over grandane og kryssa elva omtrent der den kryssa elva i haust. På eine bilete ser de der han kryssa elva. Dette området er omtrent midt mellom Breheimsenteret og Storevåren.

Frå der han kryssa elva og fram til anleggsvegen til Styggevatnet er de meg bekjent ingen som har sett spor i dag. Bjønn har kryssa anleggsvegen og teke retning mot Tråi. Her hadde han komme inn på gamlevegen litt heimom Tråi og gått framover etter vegen. Eg skritta opp avstanden mellom huset og sporet og de var omtrent 30 meter.

Så har bjønn teke retning mot tunnellen. I bakkane opp mot tunnellen har den komme nede på brøytekanten ein plass for så å gå vidare framover på brøytekanten eit stykke.

Rett før tunnellen har den kryssa vegen og komme opp i gamlevegen. Han har så følt gamlevegen omlag 50 meter for så å gå rett ned mot elva. Her snudde eg, men bjønn har nok ganske fort komme seg opp att i gamlevegen. Så har den gått omtrent i gamlevegen til eit stykke før gamle brui i Bjønnstegane. Der har den kryssa elva og vegen gått opp over Bjønnstegane og framover. Spora kom så ned i bilvegen under kraftlinja framfor Bjønnstegane. Her snudde me.

Frå andre kildar veit eg att bjønn gjekk i vegen fram til Fåbergstølsbreelvi før så å følje den i rettning Storeelvi. Ein anna kilde var på treningstur mot Vetledøla. På veg framover såg han ikkje andre spor enn første kilden min. Men på veg heimatt såg han spor 40 meter oppe i Båtedøla. Han var oppe og sjekka desse spora og det var ikkje tvil om att de var bjønnaspor på veg framover. Han for da nedatt i vegen og fram til Merkesgrovi for å ha utsikt oppover skredbana der. Der dukka de ikkje opp noko, sjølv om han stod og venta i ein times tid. Og dermed så sluttar alle spor i Båtedøla i dag. Men når han kom heim mot brua på Fåbergstølen hadde bjønn komme framover på austsida av elva og tråkka i skispora hans eit lite stykke. Mest truleg har han vore nærmare bjønn i område Båtedøla – Merkesgrovi enn nokon av oss hadde likt.

Vart funne to møkarue i dag som blir sendt inn før DNA test. Den ein var fersk og den andre nokre dagar gammal.

Eg tok nokre målingar av spora i dag og fekk dei til mellom 15-17 cm breie og 25-27 cm lange.

Om de ser på bilete der de er ein bil med, så er de bjønn som har greve seg ned i brøytekanten før den gjekk ned i vegen rett heimom Bjønnstegane.

To av bileta visar restane som er att av hjorten.

Om de klikkar her vil de sjå gode bilete av bjønnaspor som Silje har teke i dag.

Det som er viktig framover no er att folk ikkje går av hengslene og ausar kvarandre opp og trur ting. Betre å halda seg til fakta og ikkje meina og tru.

kommentarar
  1. eies seier:

    Når eg vinn i LOTTO, skal eg kjøpa nytt kamera. Det ser eg no….

  2. Silje seier:

    Mykje interessant å lesa her og gode bilder!

  3. Anki seier:

    Flott skrive Frank – fakta er gode greier! Men kjenner at eg slite alvorleg med å ause det ned likevel. Ventar i spenning på nye funn =)

    • norvald seier:

      Hei Frank. Lat no folk få tru det dei vil. Det gjer i allefall eg. Det kan godt hende at eg seier det eg trur og. Men eg seier ikkje at det er dette som er rett og den absolutte sanninga. Når folk får servert dei forskjellige teoriane må dei sjølve forstå at fakta ofte er noko anna enn rykter og synsing. Sist helg sat me på hotellet og diskuterte mangt og mykje. ei av sakene var korleis folka ifrå NGI kunne påstå at den fatale skreda i Balestrand hadde ein fart på 80 km/t når den traff huset. Det kom ein påstand ved bordet om at den sannsynleg var nerare 50km/t. ngi folka var på staden og hadde rimeleg gode forhold for å rekne ut vassmengda og fallvinkelen i skreda. Dei hadde og data og tabellar for å finne ut dette. Han som meinte den berre hadde ca 50km/t hadde ikkje vore nedom styggegjølet den veka so korleis han rekna ut farten er for meg ei gåte. For meg enda dette med 1-0 til ngi. Me er nok gode til å røre når me samlast , men poenget mitt er at faktaopplysningane som kan dokumenterast er det som er nerast sanninga og so får kvar og ein tru det ein vil og prøve og vere edruelege når det gjeld påstandar tufta på tru åleine.

  4. kjellrun seier:

    Bra å få litt fakta! Trur du han har passert meg ein gong natt til i går, ikkje so altfor langt vekke? Har ein teori om det, nemleg 🙂

  5. […] om bjørnen her:  Hellebøbloggen Tøff i trusa bloggen Sogn Avis NRK Sogn og Fjordane […]

  6. alb seier:

    Ein bjørneekspert sa ein gong at når det gjeld bjørn so er det ein ting som er sikkert, og det er at ingenting er sikkert.
    Av og til gjer bjørnen det stikk motsette av kva «alle» trur, so her gjeld det å ikkje garantere noko, men halde alle moglegheiter åpne.
    Konklusjon: Me veit at bjørnen har vore på Viva, men kvar den tek vegen vidare er det ingen som kan seie med sikkerheit.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s