I dag var me ein gjeng som var framme i Isgrotta. Fint der no. Men ein advarsel til folk som vil fram. Er langt frå trygt alle plassar. Så om ikkje folk veit litt om kva dei skal sjå etter så bør dei leige inn Fimbul Jostedal.
Var folk framme for nokre dagar sidan og da rasa de frå ei av grottene. I den grotta er de fleire ustabile blokker som kan falle ned når tid som helst. Dei som var der sto på trygg avstand så dei var ikkje i fare.
Har sjølv sett bilete frå vinteren i fjor der vaksne og ungar var inne i ei av isgrottene. Eg sjølv, og fleire med meg, var aldri inne i den isgrotta. Grunn var att me såg på de som reint galskap å gå inn der pga mange ustabile isblokker som kunne falle ned når tid som helst.