EKSPERTEN

Posta: mars 3, 2009 under Frå media

Ikkje berre Villrein Bukken i båten er ekspert på. Kan denna kunskapen her ha noko med oppveksten i Balestrand å gjera?

kommentarar
  1. eies seier:

    Nei, det har nok lite med oppveksten i Balestrand å gjera. Men i livet mitt har eg hogge ut to trau med «teksle», det er same reiskap/verktøy som dei brukte til å hogga ut stokkbåtane med.

    Eg har prøvd å få tak i ei slik teksle, ho kan vera nokså stor, nesten som eit grev, og då må du bruka begge nevane. Utruleg effektiv – trur eg skulle ha konkurrert med ei motorsag/fres.

  2. SB seier:

    Utruleg kva Bukken i båten veit. Han er nærast allvitande. I tillegg klok og kommuniserande. Eit førebilete for andre jostedøler!

  3. eies seier:

    Ikkje sei det til nokon, SB: Eg har ikkje peiling på sport, spesielt ikkje fotball.

    Men veit du kven som hadde personleg rekord 15.59.9 på 10.000 m skøyter lenge? Hugsar det spesielt godt då namnet og tida stod på vørterølflaskene i «gamle dagar». Han vart også kalla «onsdagsløpar»…

    Takkar elles for rosande omtale. Slikt kan vera greitt å ta med seg, for snart kan eg gjera ein «brølar», og då kan det vera lindring i å hugsa på orda frå SB!

    Men «førebilete» var likevel i meste laget. Uansett: Takkar så mykje!

  4. SB seier:

    Den utan tvil mest kjende «onsdagsløparen» gjennom tidene må vere den nederlandske skeiseløparen Rudi Liebrechts. Han vann aldri noko stort men eg trur han sette verdsrekoird på 3000m, på Bislett på 1960-talet og heilt sikkert på ein onsdagskveld?

  5. eies seier:

    For sikkerheits skuld «googla» eg det: «Rudi Liebrechts (Ned) 15.59,9 (persoonlijk record/7de)»

    Så SB sitt svar er korrekt!

    Verdensrekorden hans på 3000m kan eg ikkje stadfesta, men eg trur du har rett.

  6. Audun Flaaten seier:

    Det stemmer at tidenes onsdagsløper satte 3000m-rekord på Bislet ( i 1965), men det var (dessverre) på en TORSDAG 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s